• sofjopride@gmail.com
  • Sogn og Fjordane
Påmelding 2023
Påmelding SoFjo Pride 2023

Påmelding SoFjo Pride 2023

I år utvidar vi våre markeringar med to parader med parade i Sogndal for fyrste gong. 

Pridehelga blir 16.-18. juni med parade i Førde 17. juni. Parada i Sogndal er satt litt seinare på hausten til 23. september. 

Stadig fleire LHBT+ menneske flyttar frå distriktet og Sogn og Fjordane for å kunne vere den dei er og elske den dei ynskjer. Målet for Sofjo Pride 2023 vil vere å motvirke dette, det vil gje meir vekst i kommunane våre.

I år vil markeringane våre inkludere politisk debatt, skeiv filmvisning, quizkveld, pridepark og mykje meir. Vi treng frivillege, organisasjonar som vil stå på stand hos oss, traktorar og hengarar i paraden vår og alle som vil bistå oss med å markere at Nordfjord, Sunnfjord og Sogn er for alle!

Vedlagt ligg vår plakat som du gjerne kan nytte.

For å gjennomføre våre arrangement treng vi at nettopp du deltek og vi setter stor pris på om du også støttar vårt arbeid økonomisk: https://spleis.no/sofjopride2023

1 thought on “Påmelding SoFjo Pride 2023

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *