Dato

SoFjo Pride sender live laurdag 13. juni kl 18.00!

Bli med å markere Pride digitalt og heime!

Pride i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn blir i år markert helga den 12-14 juni 2020.

I juni skal vi nytte digitale plattformar for å nå ut med vår bodskap. I år skal vi feire Pride heime og på internett! 

Laurdag den 13 sender vi #SoFjoPride2020 live frå vår nettside, og du kan vere med på sendinga! Det blir lokale artistar, kjente fjes, sterke historiar, quizkonkurranse og mykje meir!

Nedanfor har vi nokre tips til korleis ein kan markere Pridehelga heime, og korleis ein kan delta på vårt digitale Liveshow den 13. juni. 

1. Heis regnbogeflagget i hagen, på altanen eller i vindauget! Pynt med regnboger og syn at LHBT+ mennesker er velkomne i heimkommunen din!

2. Del bileter, videohelsningar, livestreams og meir på sosiale medium der du syner korleis du og dine feirar Pride. Tagg oss gjerne med #SoFjoPride2020, so delar vi vidare!

3. Inviter vennar og familie med å sjå på vår Livesending den 13. juni kl 18.00. Sjå ilag med litt avstand frå kvarandre eller sjå sendinga saman i ein digital samtale! Kven vinn quizen?

4. Send oss ei videohelsing der du seier at Sogn og Fjordane er for alle, Nordfjord, Sunnfjord eller Sogn er for alle eller at heimkommunen din er for alle. Dette kan ein sende til vår e-post: sofjopride@gmail.com

5. Sjå filmar, seriar, dokumentarar og les bøker om LHBT+ tematikk. Lær også meir på https://www.foreningenfri.no/ sine nettsider. 

Det blir ein litt annleis Pride der vi alle må stå saman ved å ta avstand, men vi skal framleis markere at alle er velkomne til å bu i kommunane våre. 

Saman skal vi sikre at Nordfjord, Sunnfjord og Sogn er for alle!

Sandra Edith Kalland Tenud 

Leiar SoFjo Pride 2020

Fleire
artiklar